Skip to Content

Velkomen til partnarsida vår! 🚀

I Hallingcast trur vi på å bryte grenser og samarbeide på tvers av kunnskap og landskap for å skape eit betre sluttprodukt. Vi er overbeviste om at mangfald er ein nøkkel til suksess og at mange kloke hovud samla slår kva for hindring som helst på rot.

Vi set pris på selskap og frilansarar som tar stolthet i arbeidet sitt, men som er ydmyke nok til å innrømme når dei (ved eit uhell (av og til (kanskje))) skulle gjere ein (liten) feil. For kva er vel livet, om ikkje ei reise i sjølvutvikling og forståing av det større bilete – berre for å vere litt filosofisk. 

Vi meiner at eit slikt perspektiv er essensielt i vår bransje. Hallingcast er her for å hjelpe, men vi veit at vi ikkje kan gjere alt åleine. Det er her våre dyktige partnerar kjem inn i biletet:

  • Morten Tangerås
    Morten Tangerås Prosjektleder Grunnleggjar av WideCMS, og prosjektleiar i Seeds. Han har koda sidan 90-talet og er vår tekniske brikke mellom lette og tunge nettsideløysingar. Frå Hovet i Hallingdal!
  • Dmytro Korol
    Dmytro Korol Art director Dmytro og hans team har flytta pixlar saman med oss sidan 2013. Deira kreative tilnærming gir oss eit sterkt startpunkt for nye identitetsprosjekt.
  • Torkel Lien
    Torkel Lien Tekst- og strategimagiker Eit unikum som tekstsmed og urokkeleg råtass på kreativ copywriting. Dyktig marknadsrådgjevar. Han kjenner Geilo og Hallingdal som baksida av eiga hand.
  • Ådne Lyngstad Nilsen
    Ådne Lyngstad Nilsen Komponist og musiker Ådne er eit musikalsk geni som forstår kundane sine behov. Han har laga jinglar og musikk for Hallingcast og er prisvinnande innan fleire sjangrar – folkemusikk til metal.
  • Sofiia Demchenko
    Sofiia Demchenko Prosjektleder P2H /GetDevDone Sofia er ein del av GetDevDone-teamet, med 470 tilsette. Dei har levert markup-magi, inkludert HTML, CSS og JavaScript, på over 100 000 prosjekt i 164 land.
  • Yuliya Yamuch
    Yuliya Yamuch Prosjektleder P2H /GetDevDone Julia har fulgt oss frå ville idear i 2008. Saman har vi reist frå HTML-4 til HTML-5, og tre versjonar av CSS. Vi er klare for meir web-innovasjon for Hallingdal, and beyond.
  • Reodor Felgen
    Reodor Felgen Åndelig medspelar Reodor Felgen er ein fiktiv partnar. Hans ånd i kontorlokala rundt, er vår kreative kraft. Verkstedet hans, fire og ein halv alen frå oss, er klar for din kreative prosess.


Saman kan vi tilby Hallingcast sine kunder det aller beste innan marknadsføring. Vi kombinerer våre styrker, fyller opp i kvarandres svake punkt, og skaper løysingar som er større enn summen av delane. Dette samarbeidet gjer oss i stand til å tilpasse oss raskt, innovere konstant, og levere resultat som overgår kundenes forventningar.

Av trykkeri vi samarbeider med, vil vi nevne spesielt Hallingdal Trykk (Gol), Geilo Trykk & Reklame (Geilo), Hallingdal Reklame (Hemsedal) og Konsis Grafisk (Oslo). Utover dette har vi eit stort nettverk av leverandørar av spesialartiklar. Ta kontakt og server oss ei utfordring.